Voss Landbruksrekneskap
  "Godt, enkelt og lettfattelig"
Komplett frå bilagsføring til ferdige
likningsskjema og skatteutrekning
 
   Startsida   Program   Nedlasting   Om oss
 
PROGRAM

Rekneskap - Landbruk
Rekneskap - Anna næring
Faktura
Gratisprogram
Eksempel
Ofte Stilte Spørsmål
Tilbakemeldingar
Nedlasting
Bestill program

     

Teknisk Excel/Windows 

Spørsmål: Eg brukar excel 2007, og etter lagring fungerer ingen av knappane i programmet.
 
Svar:  Dersom du har Office/Excel 2007; pass på at du alltid lagrar i formatet "Excel 97-2003 arbeidsbok". Våre program er tilpassa både nye og eldre versjonar av excel, og derfor må dette formatet brukast konsekvent. Lagring i andre nyare format kan f.eks fjerne alle rutinar i Visual Basic, som knappane refererer til.
Spørsmål:  Jeg arbeider med sjølmeldinga til min kone og meg selv. Imidlertid får jeg ikke vist kona si sjølmelding korrekt på skjermen, og det er ikke mulig å fylle inn tall i regnearket. Se vedlagte skjemdump. Hvorfor blir skjermbildet seende slik ut?  Jeg bruker Windows Vista, med Excel 2007 (har lagra regnearket i 2003-format, ikke i formatet til 2007!).
 
Svar: Last ned og installer Servicepack 1 (SP1) for Office 2007, den første versjonen var full av bugs.

Spørsmål: Ingen knappar virkar i programmet
 
Svar: Då er ikkje makroer aktivert, dvs for strenge sikkerheitsinnstillingar har blokkert det som ligg "bak" knappane. I excel 2007må du klikke på sirkelen heilt oppe til venstre - velge alternativer for excel - klareringssenter - innstillinger for klareringssenter - makroinnstillinger. Der skal du kunne senke sikkerheitsnivået på permanent basis, sjølv om ikkje Microsoft tilrår det. Det skal du ta med stor ro dersom du ellers har eit godt antivirusprogram. I eldre versjonar av excel: Verktøy-makro-sikkerheit-lågt nivå

Spørsmål: Jeg er interessert i å kjøpe regnskapsprogrammet deres for landbruk. Jeg bruker imidlertid Ubuntu sitt linux operativsystem, med OpenOffice som kontorprogram. OpenOffice åpner og behandler alle typer Excel-filer, og kan også lagre documenter i Excel-format. Spørsmålet er: Kan jeg bruke regnskapsprogrammet deres?
 
Svar: Desverre kan ikkje OO brukast, pga at det ikkje har støtte for Visual Basic, som er den programmeringa som ligg bak alle knappar og funksjonar i programmet vårt. Dermed er me henvist til Excel, beklagelegvis (?).


     
TEMA

Fakturaprogram
Dagbokføring, rekneskap
Teknisk Excel/Windows

 
 


Fjerntilgang og support via Internett med Teamviewer  
        Rediger