Voss Landbruksrekneskap
  "Godt, enkelt og lettfattelig"
Komplett frå bilagsføring til ferdige
likningsskjema og skatteutrekning
 
   Startsida   Program   Nedlasting   Om oss
 
PROGRAM

Rekneskap - Landbruk
Rekneskap - Anna næring
Faktura
Gratisprogram
Eksempel
Ofte Stilte Spørsmål
Tilbakemeldingar
Nedlasting
Bestill program

     

Dagbokføring, rekneskap

Spørsmål: Eg er litt usikker på kor enkelt eg kan tillate meg å føre bilag frå Nortura i dagboka. Her er masse ut og inn,- ull og kjøt,- returslakt og frakt mm rota saman på ei side.
 
Svar: Eg vil rå til at du fører dette enkelt. Ei avrekning utan returslakt kan du føre på ei linje. Dersom det derimot er inkl returslakt, er det viktig å sjå kva ordning for retur som er nytta. Nortura har mva-fri retur innan ei max-grense pr produsent. Dersom du td leverer 30 lam, og tek 4 i retur med ordninga mva-fri retur, så må du inntektføre sluttsummen på avrekninga på konto 3044. Dvs summen for 26 lam, inkl mva. Dei 4 lamma fører du som privat uttak i arket "Årsoppgjer", med kronesummen som du verkeleg har vorte trekt. Dersom det derimot er snakk om fakturert retur, som td for gardsmatprodusentar, så må du inntektføra alle 30 lamma inkl mva, og utgiftsføra returen i dagboka på kt 4301 (dersom det er 14% mva på returen). Dersom returen er til eige bruk treng han ikkje førast. Det siste alternativet er leigeslakt, men det er uvanleg på sau.  Du ser skilnaden på desse ordningane ved å sjå kva sum som er Nortura sitt avgiftsgrunnlag på avrekninga.

Spørsmål:  Eg har vinst- og tapskonto frå sal av mjølkekvote. Eg har tatt totalsummen og delt på 5 like store deler  med ein del kvart år. Eg les ein plass at man kanskje skulle inntektsføre 20% av saldo kvart år. Kva er rett?
 
Svar: Du skal inntektføre minimum 20 % kvart år av årets saldo. Dermed kan du glatt ta 20% av opphaveleg beløp til inntekt, sjølv om det blir meir enn 20 % av årets saldo.
Derimot blir det motsett ved  frådragsføring av tap. Då kan du ta max 20% av saldo til  frådrag, og du kan komme til å bruke meir enn 5 år på å komme ned i 15000, som kan slutt- frådragsførast.

Spørsmål:  Vi har 2,5 KW erstatningskraft her på gården. Den skal vi vel skatte av. Hvordan regnes det ut og hvordan førers det?
 
Svar: Frikrafta inntektfører du på 3100 og utgiftsfører den delen du får godkjent på drifta (halvpart, tredjedel ?) på 6201

Spørsmål: Jeg har leid ut lagerplass til en bobil i låven. Er dette mva. pliktig?
 
Svar: Dersom du leiger ut til ein privatperson er det ikkje avg.pliktig. Dersom du leiger ut til ein avg.pliktig skal du derimot rekne mva.

Spørsmål: Kan en få refundert moms på utgifter til våningshus pga av utleie. I så fall hvilken konto skal benyttes.
 
Svar: Du får ikkje refundert mva, men du kan utgiftsføra bruttosummen på 7940.

Spørsmål: Selde 99-mod. traktor privat i 2007.  (Har nytta maks avskriving på den siste 6-7 åra.).   Leasa ny traktor med forskotsleige i 2007. Litt usikker på rekneskapsføringa.  Korleis fører eg.
 
Svar: Salet av gamletraktoren kan førast på 1202 så lenge du har positiv verdi i saldogruppe d. Overskytande må førast på td 3090.
Betalt forskotsleige fører du på 1190, og fyller ut skjemaet i Årsoppgjer nederst under avskriving jordbruk. Dermed vert forskotsleiga fordelt.

Spørsmål: Skal fjorårets MVA oppgjør legges inn som en post i dagboka for ifjor eller skal det inn et annet sted for å få det til å stemme?
 
Svar:  Betaling av mva må sjølvsagt førast i dagboka. Bruk knappen "Føringshjelp" og les nøye det som kjem på skjermen. Du blir då ført steg for steg gjennom føringa.

Spørsmål: Hei. Jeg har nå ført regnskapet, men tilbakemeldinga er at dagboka er feilført, noe jeg ikke skjønner. PÅ skjermbilde  står det med røde bokstaver Differanse og et tall. Veit du hva dette kan skyldes.
 
Svar: Då har du anten brukt eit kontonummer som ikkje finst, ikkje fyllt ut kontonummer, brukt eit kontonummer for inntekt og ført i utgiftskolonnen eller brukt eit kontonummer for utgift og ført i inntektskolonnen.Dersom du får "Differanse" med raud skrift må du stoppe opp og rette feilen med ein gong.For å finne ein feil seinare kan det vera nyttig å bruke "Sorter dagbok" og sjå gjennom denne om det er noko som ser unormalt ut.Evt kan du sende fila over til meg.

Spørsmål: Jeg har fått utbetalt skogfondsmidler med skattefordel til bygging av traktorveg. Etter som jeg har forstått skal 15 % av disse midlene beskattes. Hvordan føres dette i dagboka og på hvilke poster skal det føres.

Svar: Utbet skogfondsmidlar inntektfører du på konto 3850s. Då vil summen komme fram i eit oppsett under skogbruk i arket "Årsoppgjer" der 15% skattlegging blir automatisk utrekna.

Spørsmål: Vi har hatt salg av harv og kjøp av harv. Hvordan skal det føres når det gjelder postering i dagboka og som inntekt og utgift i næringsoppgaven.
 
Svar: Eg går ut frå at harva kostar meir enn kr 15000. Dermed må den aktiverast og du fører den som utgift på konto 1200. Salget av gamleharva fører du til inntekt på konto 1202. I næringsoppgåva kjem ikkje dette som inntekt eller utgift, men som endringar i statuspostar på side 3.

Spørsmål: Lurar på korleis eg skal føra betalt gardslån. Vert trekt av bankkontoen kvar mnd.Føring av rentekostnadane og gebyret er OK, for det er det kontonr på i kontoplanen. Skal avdraget førast mot privatkontoen?

Svar: Det enklaste er å føre det som privat uttak gjennom året (evt ikkje føre det i det heile), og så legge inn saldo på lånet og rentene i arket "Årsoppgjer" ut frå årsoppgåva frå banken når året er omme. Kontonummer for renteutgifter er i grunnen meint for forseinkingsrenter frå td felleskjøpet osv. Bankrenter som skal registrerast for skjermingsmodellen må leggast inn i skjemaet i "Årsoppgjer"

Spørsmål: Vi leier nå ut huset på gården vår. Skal leieinntektene inntektsføres i regnskapet for gården og på hvilken konto?
 
Svar:  Du inntektsfører på konto 3990. Vedlikehaldsutgifter kan utgiftsførast på konto 7940, (forsikring, kommunale avg. og anna vedlikehald). Du får ikkje refundert mva

 
 

     
TEMA

Fakturaprogram
Dagbokføring, rekneskap
Teknisk Excel/Windows

 
 


Fjerntilgang og support via Internett med Teamviewer  
        Rediger