Aktuelt
Vårt gamle gratisprogram for lag og organisasjonar fungerer ikkje lenger på nye excel. Me legg no ut eit oppdatert program basert på VBA-kode. Ny funksjon ved skifte til nytt år. Programmet kan kjøpast for kr 600 + mva, og det er ingen ekstra årlege kostnadar. Du finn bestillingsskjema her på nettsida.
Skatteetaten har varsla ei stor omlegging av skattemeldinga. Det vert slutt på skjema som næringsoppgåve, personinntektskjema osv, og alt vert samla i tema i skattemeldinga. Innsendinga vert også endra. Skatteetaten legg opp til innsending på det nye opplegget våren 2022, men det vert ikkje obligatorisk før våren 2023. For vår del ventar me med omlegginga til rekneskapsåret 2022 med innlevering i 2023, og håpar dei fleste barnesjukdommar er rydda av vegen då. Nytt vert også at du ikkje lenger kan leggja næringstal manuelt direkte i Altinn, alle må no senda gjennom eit godkjent dataprogram
Fakturaprogrammet har fått litt ny utforming på giro.
Då er både endeleg versjon for 2020 og 2021A klar til nedlasting for kundar.
Her er ei morsom tilbakemelding frå kunde som prøvde å gå over til konkurrent: Heia! No har eg bynt føringa av landbruksrekneskapen i «namn på konkurrent», lagt inn i hovedbok og kunderegister mv. Har fått ført ett bilag, og no gjer eg opp. Det her orke eg ikkje. Vær så snill å ta meg inn i «folden» igjen! Går det bra? Kan du fakturere meg for eit år til? Vennlig helsing frå NN