Fakturaprogram

Spørsmål: Eg kjøpte FakturaVoss av dykk i april 2007 (sjå nedanfor), men eg har no oppdaga at det ligg inne 2 mva-alternativ, 25 % og 13 %. I fjor skulle vel eigentleg matmomsen vore 14 % og er vel fortsatt det. Er det mogleg å få retta dette?

 Svar: Dette må du heile tida sjølv halde ajour i samsvar med aktuelle mva-satsar. Sjå arket grunndata.


Spørsmål: Kan programmet sende faktura elektronisk ? 

Svar: Dersom du brukar ein pdf-generator (f.eks. pdfcreator) og set denne opp som skrivar, kan du sende fakturaen som vedlegg til epost.
Dersom du har Excel 2007 kan du kjøpa vår nye versjon av fakturaprogrammet, der pdf blir generert automatisk, og der faktura og kopi blir splitta og lagra på kvar si mappe.