Rekneskap – Landbruk

Kvifor Voss-Rekneskapsprogram?

Voss rekneskapsprogram vart utvikla avdi me sjølve ville ha eit enkelt men godt program for føring av landbruksrekneskap

Me hadde ein del ynskje som dei eksisterande programma på marknaden ikkje kunne tilfredsstilla:

  • Enkel og oversiktleg dagbokføring
  • Kortfatta kontoplan
  • Ryddige og lett forståelege utskrifter, og ikkje lange og uforståelege «lefser»
  • Komplett program med enkle analysar og skatteutrekning. Ingen behov for ekstra «modular»
    med feks. skatteutrekning med tilhøyrande ekstra arbeid og pris.
  • Moderne skjermbilete, og raskt og enkelt å bruka.

Programmet valde me å laga i Excel rekneark, ein snarveg som gjorde utviklinga billigare.

Me går ut frå at dei fleste ser på eit rekneark som eit basisprogram i ein PC uansett.

Den fyrste versjonen tok me i bruk i 1992, og programmet har kvart år seinare vorte vidareutvikla.
Me valde etterkvart å leggja programmet ut for sal.
Responsen har vore god, og tilbakemeldingane har vore positive.
Konklusjonen er at med Voss landbruksrekneskap klarer bonden å føra sin eigen rekneskap, og truleg til den beste timeløna i gardsarbeidet!

Fakta om programmet

  • Maskina må innehalda norsk Excel rekneark 2010 eller nyare versjon. Utover det stiller ikkje programmet systemkrav.
  • Komplett opplegg med likningsskjema, skatteutrekning og analyse. Elektronisk levering til Altinn.
  • Moderne windows-miljø med mange tekniske finessar.
  • Brukarstøtte pr. telefon eller e-postl. Gratis innan rimelege grenser.
  • Dersom du er utrygg på føringa, kanskje særleg fyrste året, kan me sjå gjennom rekneskapen og gje rettleiing.

På grunn av at me har bygd på Excel rekneark, har dette gjort programmering og vedlikehald rimelegare. Prisen på programmet er kr. 2500,- for einbrukar-versjon, for kvart rekneskapsår du vil bruka det.
Det er og ein klientversjon tilgjengeleg (ingen begrensingar i tal rekneskap) for kr. 5000,- + mva.