Aktuelt

6. juni 2023

Vårt nye system for innsending har fungert bra, til tross for at det har vore nokon utfordringar. Men det må ein vel rekna med i ei så stor omlegging. Det skal finpussast fram til neste år. Så har me tilsett Jon Gjerdåker som ny medarbeidar for kundestøtte, då vil me vera i stand til å ha betre beredskap i dei mest hektiske periodane. Men me vil nok ha kapasitet til å ta oss av fleire kundar, for å halda prisen på programmet nede. Så om du er ein nøgd brukar av programma våre: Hugs på ververabatten! Verving av ein ny brukar gjev rabatt på neste oppdatering med 50%, og vervar du to nye kundar får du neste års oppdatering gratis. Måten dette blir gjort på er at den som bestiller nytt program legg inn namnet på den som verva dei i bestillingsskjemaet for programmet når dei sender inn bestilling her på vår nettside. I menyen «brosjyrer» er det lagt til eit ark med litt info og tilbakemeldingar frå kundar. Send gjerne denne fila til dei du kan verva, anten via epost, eller ta utskrift. Om du ikkje har fargeskrivar kan du gje oss beskjed, så sender me deg eit antal kopiar i posten.

14. februar 2023

Nye program med ny næringsspesifikasjon er no lagt ut til nedlasting til alle kundar. Både 2022B og 2023A. Innsending til Skatteetaten/Altinn vil no skje via vår nettside, og forhåndsutfyllte tal frå skatteetaten blir importert. Ved innsending vil også ein sikkerheitskopi av programmet ditt bli lagra på vår server. Staben vår for brukastøtte er no utvida med Jon Gjerdåker, og me står klar til å hjelpa deg med å komme i gang med programmet, gje råd om rekneskapsfaglege spørsmål, og løyse datatekniske problem. Nye demoar og brukarrettleiing for rekneskap – landbruk og rekneskap – anna næring er no tilgjengeleg under «nedlasting». Beste helsing Arnfinn Gjerdåker.

18. oktober 2022

Som tidlegare varsla så vert no rekneskapsprogrammet vårt omarbeidd til ny skattemelding med næringsspesifikasjon. Alle underskjema som næringsoppgåve, landbruksskjema, avskrivingsskjema osv går ut, og skatteetaten har samla alt i «Næringsspesifikasjonen» som ein del av skattemeldinga. For vår del er dette ein stor jobb, sidan me også legg opp til store endringar for å gjera arbeidet ditt lettare.

18. februar 2022

Vårt gamle gratisprogram for lag og organisasjonar fungerer ikkje lenger på nye excel. Me legg no ut eit oppdatert program basert på VBA-kode. Ny funksjon ved skifte til nytt år. Programmet kan kjøpast for kr 600 + mva, og det er ingen ekstra årlege kostnadar. Du finn bestillingsskjema her på nettsida.

26. november 2021

Skatteetaten har varsla ei stor omlegging av skattemeldinga. Det vert slutt på skjema som næringsoppgåve, personinntektskjema osv, og alt vert samla i tema i skattemeldinga. Innsendinga vert også endra. Skatteetaten legg opp til innsending på det nye opplegget våren 2022, men det vert ikkje obligatorisk før våren 2023. For vår del ventar me med omlegginga til rekneskapsåret 2022 med innlevering i 2023, og håpar dei fleste barnesjukdommar er rydda av vegen då. Nytt vert også at du ikkje lenger kan leggja næringstal manuelt direkte i Altinn, alle må no senda gjennom eit godkjent dataprogram

18. mars 2021

Fakturaprogrammet har fått litt ny utforming på giro.

4. februar 2020

Då er både endeleg versjon for 2020 og 2021A klar til nedlasting for kundar.

4. februar 2018

Her er ei morsom tilbakemelding frå kunde som prøvde å gå over til konkurrent: Heia!  No har eg bynt føringa av landbruksrekneskapen i «namn på konkurrent», lagt inn i hovedbok og kunderegister mv. Har fått ført ett bilag, og no gjer eg opp. Det her orke eg ikkje. Vær så snill å ta meg inn i «folden» igjen!  Går det bra? Kan du fakturere meg for eit år til?  Vennlig helsing frå NN

Voss Landbruksrekneskap

"Godt, enkelt og lettfattelig"

Komplett frå bilagsføring til ferdige likningsskjema og skatteutrekning.

Les omtale frå Norsk Landbruk her

tegning

Rekneskap for landbruk

Enklast og raskast i bruk. Dette klarar du sjølv, og til beste timeløna i gardsdrifta di! Programmet er det billigaste alternativet på marknaden - berre kr. 2600,- + mva. for kvart rekneskapsår.

Fakturaprogram

Enkelt og greit program for fakturering. Faktura på papir eller som pdf. Kunderegister, prisliste og purrerutine. Pris kr 500,- + mva. Ingen årleg oppdateringsavgift.

Rekneskap for anna næring

For deg som driv eit personleg føretak i andre næringar. Pris kr 2600,- + mva for kvart rekneskapsår. Rabatt om du også har landbruksprogrammet.

Rekneskap for små lag og organisasjonar

Enkelt program for små lag og organisasjonar som lagar resultatrekneskap og balanse.
Pris kr 600 + mva, inga årleg oppdateringsavgift.